KÅRER BESTE
SPISESTED LANGS VEGEN
[13.08.10] Anne Dæhlen frå Jaren vant ”Spis- tips og spis igjen” i veke 30 etter å ha tipsa om Oldemors Karjol på Jevnaker. I veke 31 vart Steven Rønninghaug trekt ut som vinnar og tipsa om Smia fiskerestaurant i Kristiansund. Begge vinnarane får eit måltid for to på tipsstaden.
[11.08.10] 20 dagar før påmeldingsfristen 1.september er det 160 påmeldte i Ganefart, om lag 60 fleire enn på same tid i 2008. Totalt antal tips på slutten av påmeldinga i 2008 var 1000. No har det allereie kome inn 1600 tips.
[10.08.10] -Jeg lar meg imponere over hva de har fått til på Øyna Parken! Skrøt leder i Norges Bygdekvinnelag Kathrine Kleveland under besøket i Øyna Parken sammen med Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk i går.
[06.08.10] Ganefart har 151 påmeldte per 05.08 og Aust-Agder har endeleg ein serveringsstad med. PetrusPlassen Mat og Vin Stue er første serveringsstad med frå Aust-Agder.
[06.08.10] PRESSEINVITASJON: Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og leiar i Bygdekvinnelaget Kathrine Kleveland besøker mandag 9.august Øyna Parken på Inderøy i Nord- Trøndelag.
[05.08.10] Ann Lisbeth Kristiansen vart trekt ut som vinnar av konkurransen Spis-tips og spis igjen i veke 29. Ho tipsa om Lofoten Turistsenter og vant eit måltid for to der. Kristiansen bur i Bærum og har dessverre ikkje høve til å nyta premien sjølv. Dermed går den til to heldige søstre i Lofoten.
[03.08.10] Ganefart har no fått inn over 1000 tips- like mange som totalt i 2008- om gode serveringsstader frå publikum.
- Dette viser at folk bryr seg om matkvalitet og ynskjer å være med å fremme dei gode råvarene og matrettane me er så stolte av, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
[03.08.10] Ganefart fekk akkurat melding om at ein får beskjed om at kodeordet er ukjent og må prøve igjen når ein tipsar til 400 38 830. Feilmeldinga betyr ikkje at tipset ditt ikkje har nådd fram, så du slepp å sende tipset på nytt om du har fått feilmeldinga. Ganefart jobber med å få retta opp feilen.