KÅRER BESTE
SPISESTED LANGS VEGEN
[21.07.10] Søndag 25.07 vil Perly Larsen saman med Børsa, Viggja og Skaun bygdekvinnelag for første gong servere ein smakebit på norsk mat basert på lokale råvarer til tyske pilegrimar på veg mot Nidaros.
- Me er i gang med å bake lefser og har bestilt lokal laks, fortel ei engasjert bygdekvinne til Ganefart.
Førre søndag stod bygdekvinnene klare med mat til 4 italienske pilgrimar og ein journalist frå RAI som aldri dukka opp. Dette etter at Ganefart og bygdekvinnene såg i avisa Nationen at pilegrimane hadde klaga over at det vert servert for mykje kebab og pizza langs ruta frå Oslo til Nidaros.
- Utanlandske pilegrimar vil jo ha norsk mat når dei kjem for å oppleve Norge! Me ville gjerne gje dei ein ekte smak av Norge, seier Perly Larsen.
Ekte matglade bygekvinner gir seg ikkje så lett. Ny helg, nye moglegheiter.
- Me prøver att komande søndag. Då skal 15 tyske pilegrimar kome forbi Skaun kyrkje på ettermiddagen, seier Larsen.
På menyen står ein smaksprøve av røykelaks frå Orkdalsfjorden, heimelaga rømmegraut, eggerøre, mølsgrøt (gomme) og lefse, samt lokal spekemat.